Paradis på jord (Heftet)

roman

Serie: Gyldendal pocket 

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2004
Antall sider: 218
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
Serie: Gyldendal pocket
ISBN/EAN: 9788205324701
Kategori: Romaner
Omtale Paradis på jord
I denne boka står det om livet. Døden taper alltid. I denne boka står det om livet. Om å veksa opp i det nordlege Chile som son av den norske gruveingeniøren Arthur Andersen og den chilenske hushjelpa Natividad Galindo. Om å overleva militærkupp, om å bli overflødig.
Dette er ei fortelling om å leita etter paradis på jord, om jakta på opphav og farsarv, på bror og søster. Det er ei reise nordover og bakover, frå gruvesamfunnet i Chile, over halve kloden, til Sagene lunsjbar, Ibsen-senteret, den norske regnkysten, det djupe innland, til botn av ei tjørn, til hjarta av Europa.
Paradis på jord er ein intelligent, kritisk, underhaldande, innfallsrik og burlesk roman. Fløgstad har ei eneståande evne til å trekke det oppsiktsvekkande ut av tilsynelatande trivielle hendingar og det allmenne ut av eventyrlege hendingar.
Utdrag:
Å heita Andersen på motsett side av jordkloden av der det er vanleg å heita Andersen, er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru. Det er eit stort og berømt slektsnamn, og det er lett å uttala. Samstundes er det eit namn som forpliktar. Den som heiter Andersen, må kunna uttala seg med tyngde om alle temperaturar under null grader celsius, om dagleglivet blant vikingane, om kor langt sørover i Amerika dei fann vegen, om etymologien bak ordet «skål» (same ord som engelsk 'skull'/skalle, altså om korleis den hole hovudskallen til dei slegne fiendane blei brukt til å skåla med), og om korleis eit samfunn kan overleva utan kjønnsmoral, det vil seia når alle kvinner er fritt vilt. Alt dette vil eg påstå at eg meistra tilfredsstillande. Eg vil også påstå at eg med tida lærte meg å skriva eit uventa, men tydeleg norsk.

Til toppen

Andre utgaver

Paradis på jord
Nynorsk Innbundet 2002

Flere bøker av Kjartan Fløgstad:

Bøker i serien