Pedagogiske prosessar (Heftet)

empiri, teori, metode

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 1997
Antall sider: 199
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788276742428
Kategori: Pedagogikk
Omtale Pedagogiske prosessar
Boka handlar om prosessar i det pedagogiske feltet, om undervisning, rettleiing og leiing som ulike former for pedagogisk praksis. Framstillinga byggjer på observasjonar frå klasserommet, på forfattaren sine eigne røynsler som lærar og leiar og på tidlegare studentar sine analysar av erfaringar frå eigen organisasjon. Pedagogisk leiing er eit samlande fokus for framstillinga. Forfattaren presenterer ein modell for sentrale dimensjonar i pedagogisk leiing: den didaktiske, den kommunikative og den analytiske dimensjonen. På den måten vert boka ei drøfting av sentrale komponentar i læraren sin yrkeskunnskap. Omgrepet relasjonell handlingskunnskap tek opp i seg både det prosessuelle og det handlingsorienterte som grunnleggjande aspekt ved pedagogisk leiing. Læraren sin yrkeskunnskap kjem fyrst og fremst til uttrykk gjennom reflekterte handlingar. Den vert utvikla gjennom praksis og i ein dialog mellom erfaringsbaserte og teoribaserte kunnskapstradisjonar. Boka inneheld òg ein metodedel om pedagogisk feltforsking. Her drøfter forfattaren blant anna feltarbeid i eigen organisasjon og skriving som ein del av forskingsprosessen. Otto Laurits Fuglestad er professor i praktisk pedagogikk ved Universitetet i Bergen.

Til toppen