Ragnar Ulstein (Innbundet)

i krig og fred

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2017
Antall sider: 453
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252187670
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale Ragnar Ulstein
Eit personleg portrett av ein av våre viktigaste historikarar - ein mann med eit brennande hjarte og sterk sans for rettferd. «Dette er forteljinga om ein fredens mann som i prøvelsens time var villig til å ty til våpen for å forsvare den nasjonale fridomen. Ein mann som har brukt eit langt liv på å dokumentere den kampen som han og tusentals andre deltok i for å slå tilbake det nazistiske overfallet mot Noreg.» Gunnar Myklebust. Då den andre verdskrigen braut ut, drog den unge Ragnar Ulstein med båt til England, der han blei med i Lingekompaniet. Han fekk opplæring i geriljakrig og var på fleire hemmelege operasjonar i Noreg. Etter krigen bytte Ulstein ut pistolen med pennen for å dokumentere viktige delar av den norske motstanden under krigen. Gjennom meir enn tre tiår reiste han landet rundt og intervjua krigsveteranar - englandsfararar, grenselosar, etterretningsfolk og små og store aktørar i dei hemmelege nettverka i motstandsrørsla. Ved Norsk Hjemmefrontmuseum etterlèt han seg eit eineståande arkiv med opptak og avskrifter frå over 1300 intervju med krigsveteranar. Utan hans bidrag ville ein viktig del av norsk historie gått tapt. I boka til Gunnar Myklebust blir vi kjende med eit menneske som gjennom sitt lange liv var driven av eit brennande hjarte og ein aldri sviktande sans for rettferd. Ulstein er ein av dei siste attlevande motstandsmennene frå krigen. Basert på timevis med samtalar teiknar Myklebust eit personleg og originalt portrett av ein intelligent, humoristisk og prinsippfast mann.

Til toppen

Andre utgaver

Ragnar Ulstein
Nynorsk Ebok 2017

Flere bøker av Gunnar Myklebust: