Ein ung mann må ha veslebror sin på slep på audition med eit death metal band. Ei nybakt mor heimsøkast av Ingvild Bryn. Ein gut utan jegarprøve går på hjortejakt med far sin. Langs kysten av Noreg blei Sitkagrana planta i stor skala etter krigen, i von om tømmer og ly. I staden overtok ho store område, fortrengde naturlege artar og spreidde seg ut av kontroll. I novellesamlinga Sitka skriv Ane Barmen om når ting ikkje blir heilt sånn ein hadde tenkt. Om sånt ein gjer i beste meining, men som går heilt gale. Om å lekke væske i alle endar, om galne buhundar og mødrer som luktar sløyd.