Satans mor (Innbundet)

kriminalroman

Serie: Rolf Randen 7

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2015
Antall sider: 350
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
Serie: Rolf Randen
Serienummer: 7
ISBN/EAN: 9788252187250
Kategori: Krim og spenning og Krim og mysterier
Omtale Satans mor
Midt under ein heftig debatt om cruisetrafikken blir ei ny cruisekai i Sognefjorden blåst til himmels av ei bombe. To ordførarar i distriktet mistar livet i eksplosjonen. Det kan vere eit terroranslag mot den norske turistnæringa, men politibetjent Rolf Randen finn snart ut at
mange av innbyggjarane i distriktet også har motiv for å stå bak ugjerninga.

Bomba er ei av fleire dramatiske saker som lokalavisjournalist Karianne Grinde kan grave i. Ikkje berre er temperaturen høg i cruisedebatten, det dukkar òg opp eit lik under Nigardsbreen. Under rivinga av det gamle sanatoriet Harastølen kjem det dessutan for ein dag ei dagbok som avslører grufulle overgrep ved sanatoriet i tidlegare tider. Men eigentleg startar historia i 1821 - då sjølvaste Gjest Baardsen dukkar opp på ei skjenkjestove i Solvorn.

Politimannen og journalisten nøstar frå kvar si side. Det viser seg at dei gamle og nye historiene er samanvovne - og det skal få fatale konsekvensar. Med dei indre delane av
Sognefjorden som geografisk utgangspunkt har Timberlid lagt eit imponerande puslespel av ei historie.

Til toppen

Andre utgaver

Satans mor
Nynorsk Ebok 2015
Satans mor
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2022

Flere bøker av Rune Timberlid:

Bøker i serien