Eg, Ove Kvamme (Innbundet)

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 160
Forlag: Cappelen Damm AS
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788204138972
Kategori: Romaner
Omtale: Eg, Ove Kvamme

I sin debutroman fortel Jens K Styve historia om den heimvendte sonen Ove Kvamme. Han er ein fråskilt mann, med ein bag klede, ein 80 GB iPod og ein gul Golf.

Med dette, og hjelp frå avansert satellitteknologi, skal han kome til botns i kva som eigentleg skjedde.

Når Jens K Styve no debuterar som forfattar er det med ein fullblods roman: ei historie om søken etter opphav og sjølerkjenning. Alt fortalt i eit presist språk med hendingar som kallar på den lune humring - men som òg får fram klumpen i halsen.

Til toppen

Flere bøker av Jens K. Styve:

Om forfatter Jens K. Styve

Jens K. Styve (f. 1972) jobbar som grafisk formgjevar og illustratør. Han har tidlegare gjeve ut teikneseriar.

Eg, Ove Kvamme er hans første roman.

Til toppen

Utdrag

"Det slår meg at om eg hadde blitt buande her den gongen så kunne eg hatt ei historie med henne. Eg seier ikkje at me ville vore saman. Eller at me nødvendigvis hadde ei fortid som kjærestar. Tanken som slår meg er mest at eg kjenner sakn etter noko som eg kunne ha opplevd. Saman med henne. Like mykje som eg vil verta kjend med henne framover i tid skulle eg ynskje at eg kjente henne i tida som har gått. Det er ein underleg tanke og sjølvsagt heilt umogleg. Eg har ikkje noko imot god populærvitskap, men når det kjem til reise i tid melder eg meg ut."

Til toppen