Grense Jakobselv (Innbundet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2009
Antall sider: 435
Forlag: Gyldendal
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205393981
Kategori: Romaner
Omtale Grense Jakobselv

Ny stor Fløgstad-roman

Nazismen er tema for Kjartan Fløgstads Grense Jakobselv. Den fikk en overveldende god mottagelse.

Vandraren og skuggen hans, handlingsmennesket og opportunisten. Tidleg på trettitalet gjer to velutdanna unge tyskarar eit val, som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv, og endå lenger, over grensa. Og sidan over alle grenser, der dei blir herrar over liv og død.

Den andre verdskrigen tar slutt, og blir til kald krig. Sjølv i krigens tåke finst det alltid ei grense mellom godt og vondt. Går dette skiljet framleis same stad? Skremt av forfedranes misgjerningar prøver ein ung nordmann å gjera det rette ved å følgja lover og reglar. Endar han likevel med å gjera urett?

Grense Jakobselv er ein roman om makt og ideologi, om kva krigen endra, og kva som blei attende.

Til toppen

Andre utgaver

Grense Jakobselv
Nynorsk Heftet 2010
Grense Jakobselv
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2009

Flere bøker av Kjartan Fløgstad:

Om forfatter Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad er fødd i 1944 i Sauda. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968.
Fløgstad studerte arkitektur ved Noregs Tekniske Høgskule i Trondheim ein kort periode, men skifta snart til litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Fløgstad var ei tid industriarbeidar i heimbyen, og blei så «greaser» på eit norsk lasteskip i internasjonal fraktfart. I si tid som sjømann reiste han i ulike delar av verda, spesielt i Latin-Amerika, og erfaringane frå dette enorme kontinentet skulle få ein vesentleg innverknad på forfattarskapen. Kjartan Fløgstad bur i Oslo, og er tildelt mange prisar, m.a.:

  • Nordisk Råds litteraturpris 1978 for Dalen Portland
  • Kritikerprisen 1980 for Fyr og flamme
  • Brageprisen 1998 for Kron og mynt
  • Brageprisen 2008 (Hedersprisen)

Til toppen