Hallo? (Innbundet)

Serie: Bodonis miniatyrbøker 4

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 402
Forlag: Bodoni Forlag
Språk: Nynorsk
Serie: Bodonis miniatyrbøker
Serienummer: 4
ISBN/EAN: 9788271284954
Kategori: Romaner
Omtale: Hallo?
Ein desemberdag i 1932 fikk bergensarkitekten Georg Fredrik Fasting eit telegram: "gratulerer med førstepremien i arkitektkonkurransen om tele-fon-kiosker". Arkitekt Fasting hadde vunne ein open konkurranse med sitt funkisaktige forslag, "Riks". Året etter blei den første, opne telefonkiosken av denne typen etablert på Akershuskaia i Oslo. Etter kvart som Telegrafverket overtok dei private telefonselskapa, blei Røde Riks-telefonkioskar å sjå over heile Norge. På det meste var det 6000 stykker. I dag er dei fleste forsvunne. Telefonkiosken på Bryggen 11 er ein av fem som skal vernast i Bergen. I denne kiosken foregår Hallo? Du tastar inn tala, du kjenner dei kalde kronestykka i handa di. Du har forma setningane i hovudet ditt, har tenkt ut korleis du skal seie alt saman. Orda som skal smelte verda om, forenkle og forandre. Ta telefonen, kjære! Ta telefonen! Riing! Riing!... Telefonen som ringer i dikt og tv-seriar, telefonen som ringer på støv-ete kontor og i solfylte parkar, telefonen som dirrar i handvesker og bukselommer, under kjolar og på brystkasser, i tomme hotellrom og på overfylte pubar, i New York og på Laksevåg... Du går din veg i duskregnet. Du har du har retta fram ein replikk, strekt ut ei setning, no veit du at du må vende tilbake til kiosken, igjen & igjen. Alt du hadde på hjartet, alle substantiva du framleis har i lomma... Hallo? er nr. 4 i serien "Bodonis miniatyrbøker".

Til toppen