Loven vest for Pecos (Heftet)

og andre essays om populærkunst og kulturindustri

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2000
Antall sider: 162
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205275249
Kategori: Romaner
Omtale: Loven vest for Pecos
Denne boka inneheld fire essays, alle skrivne i tidsrommet 1975.80. Dei hevder, på ulike vis, at skilnadene mellom «høg» og «låg» kunst, mellom dei kunstverka som blir skapte innanfor offisielle kulturinstitusjonar på den eine sida, og det som kulturindustrien framstiller for det moderne massepublikum på den andre sida, er mindre enn ein vanlegvis førestiller seg. Eller dei er i alle høve av ein annan karakter. Og sjølve det å etablera slike falske skilje har fått katastrofale følgjer for den samfunnsmessige plasseringa av kunsten i utvikla og industrialiserte delar av verda, meiner Fløgstad. Loven vest for Pecos har vorte ein referansetekst innanfor kulturteorien, og har inspirert ein heil generasjon kunst- og litteraturinteresserte i Norge. Ein klassikar som endeleg er tilgjengeleg igjen i bokform. Kjartan Fløgstad (f. 1944) har gitt ut dikt og gjendiktingar, prosastykke og forteljingar, romanar, essay og dokumentarbøker, bl.a. Dalen Portland (1977), Fyr og flamme (1980), Det 7. klima (1986), Kron og mynt (1998) og Sudamericana (2000). Fløgstad har dessutan blitt tildelt ei rekkje litterære utmerkingar, som til dømes Nordisk Råds litteraturpris, Brage-prisen og Gyldendal-prisen.

Til toppen

Flere bøker av Kjartan Fløgstad: