Skuggen og dronninga (Heftet)

roman

Serie: Oktober pocket 

Forfatter:

Legg i ønskeliste

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2011
Antall sider: 153
Forlag: Forlaget Oktober
Språk: Nynorsk
Serie: Oktober pocket
ISBN/EAN: 9788249508297
Kategori: Romaner
Omtale: Skuggen og dronninga
Mikal reiser tilbake til heimbygda. Der møter han igjen bestemor si, Sara, ho som ein gong for mange år sidan blei sjuk og kom på sinnssjukehus, og Samson, sonen hennar, som også blei sjuk. I fem kapittel, som utgjer fem forteljingar, fem brotflaterå nærma seg historia gjennom, fortel denne romanen om galskap, om sterke kjensler og stor innlevingskraft, om psykiatri og om nedbrytinga av menneske. Skuggen og dronninga er eingripande og urovekkande roman. Sara gjekk inn i venleiken, inn i det mintgrøne vindfanget, vidare inn i den mørke gangen med lakka furepanel. Ho setteikkje ytterdøra på klem, slik ho brukte å gjera før, så dei som følgde henne skulle koma inn, men stengde etter seg. Mikal hadde auka farten, sprunge etter henne den siste biten, og no stod han framfor dørhella, på den svarte singelen, med løyntnantshjarto og georginer lavande på begge sider. Han høyrde at ho stoppa der inne, snudde, tenkte seg visst om, før ho kom til døra, vreid nøkkelen rundt og låste. Han høyrde kneppet i låsen og stega hennar innover. I det same begynte ho å snakka, høgt, klagande, stigande, fallande, og stigande igjen, kanskje til seg sjølv, kanskje til Allan.

Til toppen

Andre utgaver

Skuggen og dronninga
Nynorsk Ebok 2011

Flere bøker av Lars Amund Vaage: