Kraftsentrum nr. 1 (Heftet)

Drit i litteraturen

Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2005
Antall sider: 88
Forlag: Damm
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788204121950
Kategori: Tidsskrifter
Omtale Kraftsentrum nr. 1

Første nummer av Kraftsentrum slår i bordet med temaet "drit i litteratur". Ein vil finne eit essay av Ragnar Hovland om det vulgære i Ragnar Hovlands romanar, avslørande enquete-intervju med bl.a Jon Øystein Flink, Trude Marstein og Hans Sande om kropp og litteratur, nye dikt av Kristine Næss, og nye tekstar av Øyvind Ådland, Inger Bråtveit og Frode Grytten. Kraftsentrum kan òg presentere den spennande dramatikaren Maria Tryti Vennerøds bidrag til Ibsen-jubileet 2006. Redaktørane deltek med ymse tekstar og spalter, som til dømes informasjons-spalta "Kva er…", der både redaktørane og lesarane får vite meir om noko dei ikkje visste at dei lurte på.

Redaktørane er forfattarane Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug, og dei har som mål å gje folk det dei sjølve vil ha: eit morosamt, raust og slagkraftig forum for litterær aktivitet og diskusjon, med ei blanding av essays, skjønnlitterære tekstar av høg kvalitet, lett-lesne enquetar, og faste spalter. I føremålsparagrafen til Kraftsentrum heiter det òg at minst 30% må vere skrive på bokmål, og minst 20% må vere skrive av menn.

Til toppen