Skrifter i samling. Bd. 3 (Innbundet)

hjå ho mor

Serie: Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis 3

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2001
Antall sider: 206
Forlag: Aschehoug
Språk: Nynorsk
Serie: Garborg, A. Skrifter i samling 1-12. Bindene selges også enkeltvis
Serienummer: 3
ISBN/EAN: 9788203184062
Kategori: Romaner
Omtale Skrifter i samling. Bd. 3
HJÅ HO MOR (1890) kom ut samstundes både på norsk og dansk (HOS MAMA), og Garborg ønskte med denne forteljinga å skape eit sidestykke og motstykke til romanen MANNFOLK frå 1886. HJÅ HO MOR fortel om ei ung jente som får øydelagt kjærleiksevnene sine av ei småborgarleg og snerpete oppseding. Mora vil at den unge Fanny skal bli ei "fin dame", men dermed mistar ho mest av alt sitt sjølvstende under oppveksten. Ho blir usikker, utan livsmot og eigenvilje. Og ho giftar seg med den halvgamle mannen som har alliert seg med mora.
ARNE GARBORG (1851-1924) vart fødd i Time på Jæren og opplevde tidleg krisa som følgde overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Heile livet var han blant dei fremste kulturkritikarane i landet, og var blant dei få som klart å leve av å skrive. Han høyrde til blant våre fremste romanforfattarar, han var lyrikar og dramatikar, journalist, kritikar, polemikar og mykje meir. Han produserte til saman over to tusen essay og artiklar om litteratur, språk, filosofi, religion og politikk.

Til toppen

Andre utgaver

Hjå ho mor
Nynorsk Ebok 2014

Flere bøker av Arne Garborg:

Bøker i serien