Språk i skolen (Heftet)

grammatikk, retorikk, didaktikk

Forfatter:

, , og

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 350
Forlag: Landslaget for norskundervisning
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245024036
Kategori: Språk
Omtale Språk i skolen
Veit du at grammar og glamour har eit felles opphav? Eller veit du noko om grunnlaget for ordklassedelinga vår, dei fem fasane i retorikken, eller dei ulike argumenta for at elevane bør læra seg grammatikk?
Ein grunnskulelærar i norsk skal, ifølgje rammeplanane for lærarutdanningane, «ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk». Læraren har dessutan eit særskilt ansvar for elevane sine språklege kunnskapar og ferdigheiter.
Språk i skolen introduserer grunnleggjande språklege emne for grunnskulelærarstudenten og norsklæraren: grammatikk, tekstlingvistikk og retorikk. Fagstoffet vert formidla med kunnskap, entusiasme og underhaldande døme. Her er fagkunnskapen brei, vinklinga didaktisk og banda til Kunnskapsløftet tydelege.
Denne andreutgåva av Språk i skolen er revidert og oppdatert, mellom anna med eit nyskrive kapittel om skrift og tale. Nytt er også ein bolk med oppgåver og løysingsforslag. Boka har kapittel på både nynorsk og bokmål, og gjer slik studentane kjende med fagspråk på begge målformer.
Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er førsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen. Ho arbeider med språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv, og har mellom anna skrive om norrøn omsett litteratur, nynorskdidaktikk, sjangrar og forteljarstemmer.
Rolf Theil (fødd 1946) er professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo. Mellom spesialområda hans er lingvistisk feltarbeid, kognitiv grammatikk og sosiolingvistikk.
Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Sørøst-Norge. Han underviser i norsk språk og forskar på eldre språk og litteratur og norskdidaktikk.
Ingebjørg Tonne (fødd 1966) er professor i nordisk språk/norsk som andrespråk ved Universitetet i Oslo. Ho er mellom anna oppteken av kontrastiv grammatikk og relevansen av grammatikk for lese- og skriveopplæring og språkutvikling.

Til toppen

Andre utgaver

Språk i skolen
Bokmål/Nynorsk Heftet 2020