Staurberaren (Innbundet)

Per Borten

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2007
Antall sider: 605
Forlag: Aschehoug
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788203228858
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale Staurberaren
Dette er historia om ein av dei sentrale politiske aktørane i etterkrigstidas Noreg, Per Borten (1913.2004), senterpartipolitikaren som i 1965 blei statsminister i den borgarlege koalisjonsregjeringa som markerte det endelege brotet med fleire tiårs arbeidarpartihegemoni. Staurberaren viser til fråsegna frå Borten da han i mars 1971 gikk av som statsminister etter ei lekkasjesak som har vori omgitt av mystikk: Å leie ei koalisjonsregjering av fire parti var som å bere staur.
I denne boka, som bygger på inngåande samtaler med Borten sjølv og på grundig studium av det private arkivet hans, får vi biografien over ein av dei mest folkekjære politikarane i Norge i andre halvparten av 1900-talet. Her er alt frå oppveksten på Borten-garden og den framgangsrike karrieren til samanbrotet i 1971 og ein meir og meir kritisk reflekterande alderdom, mellom anna når det gjaldt utanrikspolitikk og spørsmålet om politisk overvaking og registrering.

Harald Berntsen er forfattar og historikar og har m.a. skrivi den kritikarroste biografien om Johan Nygaardsvold, I malstrømmen (1991) og dobbeltbiografien To liv . én skjebne: Viggo Hansteen og Rolf Wickstrøm (1995).

Til toppen