Stunt (Lydbok-CD)

engelsk for vg1 studieførebuande utdanningsprogram

Forfatter:

, , og

Forfatter: , , og
Innbinding: Lydbok-CD
Utgivelsesår: 2009
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk / Engelsk
ISBN/EAN: 9788252173437
Omtale Stunt
Stunt er skriven for Vg1, studieførebuande utdanningsprogram. Verket er fleksibelt og gjer det lett for læraren å variere undervisninga. Det er lagt vekt på stor variasjon i tekstutvalet, både i tid, tema og sjanger. Å lære eit språk er utfordrande, inspirerande og personleg. Denne boka stimulerer interessa hos elevane for alt som har med engelsk og den engelskspråklege verda å gjere: språk og utvikling av språket, litteratur, historie, politikk, verdiar, globale emne, etniske grupper og urfolk. Boka utfordrar også elevane til å lære, evaluere, tenkje, diskutere og sjå seg sjølv i forhold til kvart av emna som er presenterte. Stunt er sett saman av ei grunnbok, ein nettressurs for eleven, ein nettressurs for læraren og CD-ar. Grunnboka er delt i fem hovudkapittel. Kvart kapittel gir den bakgrunnen og den innsikta ein treng for å forstå og delta i den engelskspråklege verda. Fokuset i kvart kapittel kjem fram gjennom tekstar som varierer i sjanger og tid. Til kvar tekst er det ei rekkje ulike øvingar og oppgåver. Her er også ein eigen grammatikkdel og eit språkhistorisk og litteraturhistorisk oversyn. Fleire av kapitla har oversiktlege tidslinjer over historiske hendingar og litteraturhistorie. Boka er spenstig, ungdommeleg og samstundes ryddig. Illustrasjonar og bilete spelar saman med tekstane. På CD-ene er alle tekstane i grunnboka innlesne, og det er fleire lytteøvingar i tillegg.

Til toppen