Tangentane (Innbundet)

roman

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2005
Antall sider: 268
Forlag: Oktober
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788249502165
Kategori: Romaner
Omtale Tangentane
Kva er det som skjer med han? Gud har kanskje kalla meg, tenkjer Hans. Men til kva? I sytten år har han vore sokneprest i Sveigen, han er gift med Bente, ho er flyvertinne og ei ofte fråverande prestefrue. No har Hans begynt å setja seg ved pianoet igjen. Kanskje var det slik at han ein gong valde å bli prest for å sleppa unna spelinga, og kanskje må han tilbake til pianoet igjen? Plutseleg tar han drømmen sin alvorleg. Han vil forandra seg. Kva er hans personlege bidrag til verda, og til menneska rundt seg? Han er oppriktig, desperat og komisk: han prøver å leva opp til sin eigen erkjenningstrong. Og han har ein svimlande og forlokkande tvil som han ikkje slepp taket i. "Tangentane" er ein inspirert og drivande roman skriven med stor humor og stor desperasjon; ein roman om å overskrida seg sjølv og si eiga sjølvforståing. Lars Amund Vaage er fødd i 1952. Han har mellom anna motteke Kritikerprisen, Aschehougprisen, Gyldendalprisen og P2-lyttaranes romanpris, og har vore nominert til Nordisk Råds pris.

Til toppen

Andre utgaver

Tangentane
Nynorsk Heftet 2006
Tangentane
Nynorsk Ebok 2013

Flere bøker av Lars Amund Vaage: