Tetra 9 (Spiral)

lærarrettleiing

Forfatter:

, , og

Filippa Widlund (Illustratør)

Forfatter: , , og
Innbinding: Spiral
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 385
Illustratør: Widlund, Filippa
Forlag: Samlaget
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252166705
Omtale Tetra 9
Tetra er eit matematikkverk for 8.-10. trinn. Verket har alt for kvart årstrinn i éi elevbok: differensierte oppgåver, leksedel, regelsamling og fasit. Kapittelinndelinga i Tetra er knytt nært opp til hovudområda i læreplanen slik at det er oversiktleg å orientere seg i fagstoffet. Stoffet er strukturert i tre differensieringsnivå med definerte kompetansemål. Etter eit innleiande felleskurs kan eleven velje vanskegrad for det neste kurset på grunnlag av ein innlagd test - lett å administrere for læraren, lett å velje for eleven. I Tetra er språket enkelt og matematisk korrekt. Oppgåvene er mange og varierte med mellom anna utfordrande oppgåver for elevar som vil ha noko å bryne seg på. Læraren kan lett velje arbeidsformer for elevane og veksle mellom individuelt arbeid og samarbeid. Fargerike illustrasjonar og foto motiverer og skaper interesse for det matematiske emnet. Tetra 9 Lærarrettleiing er eit fellesspråkleg, spiralinnbunde hefte med arbeidsark til alle kapittel og til Verktøykassa, repetisjonsoppgåver, prøver og fleire «grublisar». Her er også fasit til leksedelen og prøvene. Nokre innhaldspunkt som gjeld for alle tre trinn: generell del med det pedagogiske grunnlaget for verket gjennomgang av kvart kapittel med fasit til dei ulike oppgåvene arbeidsark til kvart kapittel repetisjonsark til kvart kapittel arbeidsark til Verktøykassa kapittelprøver i to ulike utgåver: differensiert prøve og todelt prøve ekstra oppgåver fasit til leksene i elevboka arbeidsarka med påskrift av fasit

Til toppen