Tre til båtar (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2001
Antall sider: 129
Forlag: Landbruksforl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788252924039
Omtale Tre til båtar
Denne boka tek for seg materialkvalitet i samband med båtbygging. Omtalen av materialane har ein allmenn karakter, men i boka gjennomgår vi også mange detaljar og tek for oss krav til materialar i dei ulike delane av ein båt. Hovudtyngda i framstillinga ligg på dei opne, klinkbygde farkostane. Det er desse som etter tradisjonen er å kalle for båtar, men vi ser òg litt på materialkravet til dekte farty som er bygde i kravell. Grunnlaget for boka ligg i dokumentasjonsprosjekt i regi av Handverksregisteret, i det som gamle båtar syner, i intervju og i ein god del praktisk røynsle med å byggje båtar. Forfattaren har vore involvert i fleire typar, men det er geitbåten frå Nordmøre han har bygd flest av.
Boka er skriven for allment interesserte, jamvel om ho òg er rik på detaljar. Nettopp i dei intrikate detaljane bur det ofte innsikt av allmenn verdi. Den materialforståinga som båtbyggjarane praktiserer, er det òg mange andre som har bruk for. Alle som steller med skog og tre, vil finne noko til nytte eller å undre seg over. Båtar og båtbygging står for ei omfattande kulturell pakke som har interesse langt ut over sjølve båten.
Framstillinga er samstundes slik at dei som arbeider med båt, kan finne svar på mange spørsmål. Det gjeld for dei som byggjer, men òg for dei som skal halde ved like, reparere eller rigge.
Dessutan står båten sentralt i det vi kan kalle identitet eller sjølvkjensle her til lands. Det heiter at vi er fødde med ski på beina. Det er rett nok, men det var vel om bord i ein båt det heile skjedde. Det var der vi kom til?

Til toppen

Flere bøker av Jon Bojer Godal: