Vinduet. Nr. 3 2020 (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2020
Antall sider: 194
Forlag: Gyldendal
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788205542488
Kategori: Tidsskrifter
Omtale Vinduet. Nr. 3 2020
Markering av 100-årsjubilanten Jens Bjørneboe, utvida meldingsseksjon, mangfald i bokbransjen og mykje meir! Korleis skal me lese Jens Bjørneboe i dag? Ville han vorte kansellert, hadde me trengt han i dagens litterære og politiske offentlegheit? Det er blant spørsmåla Aslak Sira Myhre, Geir Gulliksen og Kjersti Bale drøftar i ein stor samtale i haustens utgåve av Vinduet.I lys av den store antirasistiske rørsla som har prega året så langt, ser Vinduet på kva veg som framleis gjenstår før Litteratur-Noreg speglar heile Noreg, og snakkar med den danske forfattaren Jonas Eika om politisk motstand, litterære dystopiar og utopiske impulsar.Elles kastar koronapandemiens  naturleg nok skugge over fleire av tekstane, slik som Vilde Sagstad Imelands essay om ein spesiell busstur over svenskegrensa i mars, og Anna Kleiva si kortreiste reiseskildring frå Gudbrandsdalen.Som alltid vert det dykka ekstra djupt ned i nokre utvalde forfattarskap, denne gongen i form av Eirik Lodéns grundige intervju med 70-årsjubilanten Karin Haugane, Audun Vingers essay om 81-årsjubilanten Tor Åge Bringsværd og Sindre Andersens drøfting av Caroline Kaspara Palonens forfattarskap.Utgåva presenterer òg nyskriven lyrikk: Melanie Kittis oppvekstskildrande «Mamma er halvt urne og halvt gral», Cecilie Løveids hyllest til Y-blokka (og Olaf Bull) og Solveig Mette Tjeltveits fabelaktige, viltveksande flora i fire blomar. Mickael Marman bidreg på si side med biletserien «Man and Sea»Vinduet er òg stolte over å vere vertskap for det tradisjonsrike kritikerseminaret, som vanlegvis går av stabelen under Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Seksjonen er eit samarbeid med Kritikerlaget og har temaet «Kampen om krigen».I den utvida meldingsseksjonen les Marius Emanuelsen Karl Ove Knausgård, Live Lundh les Karin Haugen, Maria Lokna les Kjersti Annesdatter Skomsvold, Torgeir Holljen Thon les Zeshan Shakar, Marianne Gunderson les Sarah Smith Ogunbona og Sumaya Jirde Ali les Marius Midré.www.vinduet.no

Til toppen