Vit og vitskap (Heftet)

postmodernistisk ordbok om modernitetens babelske forvirring

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 1998
Antall sider: 140
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Bokmål
ISBN/EAN: 9788276744385
Kategori: Filosofi
Omtale Vit og vitskap
Vit og vitskap, postmodernistisk ordbok om modernitetens babelske forvirring, er ei samling av essays - korte og lange, lette og tunge - frå fleire års arbeid med modernitetsteori i tilknytning til prosjektet «Modernitet - differensiering og rasjonalisering». Eit av dei grunnleggande spørsmåla gjeld forholdet mellom universalitet og kontekstualitet: Finst det ei allmenngyldig fornuft og visse allmenngyldige normer og verdiar, eller er alt berre kontekstavhengig og relativt? Inneber kulturell modernitet ein grunnleggande relativisme, eller finst det likevel visse former for fornuft som er allment forpliktande? Samtidig markerer forfattaren 40 års fartstid som filosof: I 1958 gav han ut boka Nihilisme? Eit ungt menneskes forsøk på å orientere seg, og spørsmåla frå denne boka førte han over i fagfilosofien. I dag, i skjells år og alder og som professor i Bergen (og Shanghai), avleverer han Vit og vitskap som eit essayistisk og mangslungne uttrykk for status praesens, for stoda her og no slik ho ter seg frå hans synsstad. Den som likevel sit igjen med spørsmål (og kven gjer ikkje det), er invitert til å sjå på nokre av dei fagfilosofiske skriftene, slik som Rationality and Modernity. For liksom det er somme spørsmål som blir ståande opne og utan svar, er det heller ikkje slik at alt er svarlaust, ikkje eingong under modernitetens babelske forvirring. Målgruppa er alle dei som på ein eller annan måte er interesserte i Verdikommisjonen, Maktutgreiinga eller dei politiske tenkeloft, som er frustrerte over nivået i norske massemedie, og som enno er i stand til å undre seg og til å tenkje ein tanke til endes.

Til toppen

Flere bøker av Gunnar Skirbekk: