Laster...
– Walter Wehus, uia.no, 02.07.2026«Nye ungdomsboklesninger» - 2026
Barne- og ungdomslitteraturen er mangfaldig, og omfattar både teikneseriar og raptekstar. Nå kjem to nye bøker som skal hjelpe formidlarar, forskarar og andre interesserte å navigere i det rike tilfanget av historier.
– Bøkene skal vere tilgjengelege for alle som ønsker ny innsikt i litteratur og barn og unge som lesarar, seier Svein Slettan på Universitetet i Agder (UiA).
Han og kollega Agnes-Margrethe Bjorvand er redaktørar for bøkene Nye barneboklesninger og Nye ungdomsboklesninger. Dei to vitskaplege antologiane er gitt ut av Cappelen Damm Forskning, og ligg ope tilgjengeleg på nett.
«Kampklar» - 2014
"Dette er ei bok som byr på øyeblikk av glede, sorg og savn, temaer som vil være gjenkjennelig for leserne, og som i sine beste stunder løfter blikket utover det som skjer på fotballbanen."
– Ørjan Greiff Johsen, Adresseavisen
«Kampklar» - 2014
"Mellom novellene leverer forfattarane kvar sin biografiske tekst om sitt eige liv med fotball. Dette grepet gir boka ein fin rytme. Samlinga er svært jamn, og ho er god. Tekstane er språkleg gjennomarbeidde og konsentrerte, slik gode noveller skal vera. Lesaren treng ikkje eingong vera interessert i fotball, men i livet - og i å lesa gode tekstar."
– Ingeborg Mjør, Dag og tid
«Leseløve - Knoterud FK - Solskjærs rose» - 2013
"Solskjærs rose er den niande boka i serien om fotballaget Knoterud FK, sannsynlegvis Noregs dårlegaste fotballag. I denne boka drar laget til Molde for å delta på Rosenes Cup. (...) Framstillinga er morosam, velkomponert og spennande. Her er det nok komikk og spenningsmoment til å engasjere dei fleste lesarar."
– Ahmed Khaateb, Barnebokkritikk.no
– Hilde Thomassen, Nynorskbok.no«Leseløve - Knoterud FK - Solskjærs rose» - 2013
"Forteljingane i serien er lette og munnlege i stilen, og dei har ein del fotballsjargong som gjer at dei passar ekstra godt for dei som er glade i fotball. Bok nummer ni gir høve til å reflektere over kva sportsånd er, og over det å vere psykisk sjuk. Knoterud-serien blir utgjeven som ein del av Cappelen Damms Leseløve-serie av lettlesne bøker. Bok nummer ni har to spennande historier i seg, som gjer sjansane gode for at sjølv ein som enno ikkje les så fort vil synast det er bryet verdt å finne ut korleis det går."
«Dyrepasserne – Tiger!» - 2012
"... medrivende med sin kombinasjon av viktig og konkret: dyr, naturvern og engasjerte mennesker."
– Morten Haugen, Aftenposten
«MOT» - 2011
"Novellene har jevnt over en fin stigning, man drives fremover for å se hvordan det går. Tekstene er såpass korte at de egner seg som utgangspunkt for samtale, både ut fra innhold og form. Her er det nok av eksempler på antydningens kunst, det å avdekke en handling gradvis, de små vendepunkt som gir handlingen en uventet retning. [...] felles for dem alle [forfatterne] er at de kan være med på å gi ungdom lese glede og innsikt i det store mysterium mennesket – ikke minst det unge mennesket."
– Eigil Steinsfjord, Vårt Land