Å samla kunst (Heftet)

samlingsutvikling ved norske kunstmuseum på 2000-talet

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2019
Antall sider: 146
Forlag: Kulturrådet
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788270811915
Kategori: Kunst og kultur
Omtale Å samla kunst
Museum for visuell kunst skil seg frå andre museum ved at dei samlar på kunst frå vår eiga tid. Dei er såleis viktige medspelarar i dagens kunstliv, og interessa for korleis dei utøver denne rolla, er stor og til tider støyande. Ikkje minst gjeld det spørsmål rundt kva dei ervervar og ikkje ervervar til samlingane, og måten det blir gjort på.
I denne rapporten blir inntakspraksisen mellom år 2000 og 2016 i 14 kunstmuseum i Noreg kartlagt. I tillegg til musea sine eigne prioriteringar tar rapporten opp kva slags kunst musea har fått overført frå Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk, Sparebankstiftelsen og Kulturrådet si nedlagde innkjøpsordning. Korleis unge kunstnarar er representerte, samtidskunsten sin plass og kjønnsfordelinga i samlingane er spørsmål som står sentralt. Rapporten viser også kor lite synleg samlingspraksisen til musea har vore hittil.
Museumssamlingane tener som vår felles minnebank. Difor bør det stadig reisast spørsmål ved korleis musea utøver makta dei har som historieskrivarar og minneforvaltarar. I seinare år har private samlarar sett stadig sterkare avtrykk i dei offentlege musea gjennom donasjonar og langtidslån. Eit aktuelt spørsmål er difor om det i dag er desse privatsamlarane som er blitt premissleverandørar for historieskrivinga.
Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast Kunstnardrivne visningsrom (2017) og oversiktsverket Bård Breivik som ho redigerte i 2016.

Til toppen