Beresystem i eldre norske hus (Heftet)

Forfatter:

, , og

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2009
Antall sider: 357
Forlag: Tapir akademisk forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788251924696
Kategori: Teknologi, transport og landbruk
Omtale Beresystem i eldre norske hus
Det finst mange kvite flekkar på det bygningshistoriske kartet over Noreg. Denne boka tek for seg reiste konstruksjonar gjennom eit tidsspenn på nesten 900 år . Dette er ein viktig del av norsk byggjeskikk og ein rik tradisjon som det er publisert lite om tidlegare. Grunnlaget for framstillinga er ein omfattande dokumentasjon av kring 1000 byggverk frå Vardø i nord til Lista i sør, og av dei aktive utøvarane sine arbeidsmåtar. Innfallsvinkelen til stoffet er den handverksfaglege. Det er den indre strukturen attom fasade og panel vi rettar blikket mot. Dertil tek vi for oss prosedyrar, det vi kan kalle rekkjefølgjekunnskapen, så vel som vurdering av styrke. Ikkje minst er samanhengen mellom samla byggverk og den einskilde detaljen viktig. Boka legg stor vekt på å få med dei mest brukte nemningane på delar og system. Også på dette feltet er Noreg tospråkleg - vi har ein tradisjon er knytt opp mot skole og laugsvesen, og vi har ein uoffisiell nemningsbruk knytt opp mot det ikkje formaliserte opplæringssystemet. Mykje av den uoffisielle nemningsbruken er svært rik, og han ber i seg gamle termar - nokon av dei har ubrotne liner attende til gammalnorsk.

Til toppen

Andre utgaver

Flere bøker av Jon Bojer Godal, Steinar Moldal, Trond Oalann og Embret Sandbakken: