Brand 2.0 (Heftet)

marknadsføring og leiing 2

Forfatter:

, og

Forfatter: , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2024
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788211032225
Omtale Brand 2.0
Brand 2.0 er ei nyskriven lærebok for vidaregåande skole for programfaget marknadsføring og leiing 2 i studieførebuande utdanningsprogram. Boka er basert på kompetansemåla i læreplan gjeldande frå august 2021.
Læreverket består av læreboka Brand 1.0, Brand 2.0 og ein nettressurs som er del av den tverrfaglege Økonomiportalen. Ressursane legg vekt på ei praktisk tilnærming til faget og har ein omfattande omgrepsbase. Boka har eit visuelt uttrykk med figurar som støttar teksten gjennom å illustrere teorien, og legg vekt på å illustrere eit framtidsperspektiv for marknadsføringsfaget. Etter kvart kapittel er det varierte oppgåver og verktøy.
Del 1 tek for seg omgivnadene som påverkar marknadsføringsarbeidet, og diskuterer særleg kva berekraftsomsyn og teknologisk utvikling har å seie for faget. I denne delen blir også verdiomgrepet diskutert.
Del 2 tek for seg marknadsanalyse og innsikt og gir elevane både konkrete verktøy og øver dei i å tolke svara som kjem fram i analysane.
Del 3 inneheld marknadsstrategiske vurderingar og har kapittelvise gjennomgangar av korleis dei fire konkurransemidla produkt, pris, påverknad og plass kan nyttast i marknadsarbeidet.
Del 4 dekkjer kompetansemålet om fagleg kreativitet og problemløysing og gjennomgår også praktiske verkemiddel for å løyse designutfordringar.

Til toppen

Andre utgaver

Brand 2.0
Bokmål Heftet 2024

Flere bøker av Siri Løvaas, Arne Rusten Syltevig og Ruth-Wenche Hebnes Vinje: