Brør (Innbundet)
Forfatter:
Forfatter: | Gudmund Skjeldal |
Innbinding: | Innbundet |
Utgivelsesår: | 2025 |
Forlag: | Cappelen Damm |
Språk: | Bokmål |
ISBN/EAN: | 9788202879716 |
Kategori: | Biografier og memoarer |
Forfatter: | Gudmund Skjeldal |
Innbinding: | Innbundet |
Utgivelsesår: | 2025 |
Forlag: | Cappelen Damm |
Språk: | Bokmål |
ISBN/EAN: | 9788202879716 |
Kategori: | Biografier og memoarer |
Gudmund Skjeldal voks opp med fire eldre brør på ein vestlandsgard. I fjor vår mista han ein av dei: Han tok sitt eige liv.
Den eldste broren blei prest. Den tredje blei langrennsløpar på heiltid. Den fjerde blei ingeniør i olja. Den nest eldste, han som ikkje klarte meir, var bonde. Luft og vatn, eld og jord. Dei gamle grekarane ville ha kalla det dei grunnleggande bestanddelane i alt.
Omkring denne garden Skjeldal, og omkring yrka til brørne sine, fortel forfattaren den nyare norgeshistoria på ransakande vis. Kva har me gjort med prestegjerninga, og med langrennsporten, og klimaet på kloden? Aller mest gnagande: Kva har me gjort mot bøndene i Norge? Mot kyrne og mot sauene – som må stå aldri så lenge i lastebilane, før dei endar på slaktehus?
Forfattaren går også sitt eige liv etter saumane, og fortel om då hans eige sinn rakna. Enno kan me som samfunn bli opnare om sinnets irrgangar. Enno kan særleg menn bli flinkare å be om hjelp.
Gudmund Skjeldal har skrive fleire bøker som tematiserer brorskap. Han gav ut ein biografi om Nordahl Grieg i 2012, som også handla om storebroren Harald Grieg.
Skal eg vakta bror min – spør Kain i eit av dei aller første kapitla av Bibelen. Spørsmålet gjeld til alle tider.