Dobbel horisont (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2018
Antall sider: 124
Forlag: Forenkla forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788269044232
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Dobbel horisont
To horisontar, er det mogeleg? - Joda, i ei bok kan ei slik verd oppstå, seier fotograf Knut Valberg og poet Ulv Holbye. - Eit dikt teiknar sin eigen horisont, eit bilde skriv sin - på boksidene som på tankeplanet. Lesaren inviterast inn i dette spenningsfeltet. Eit døme: «no rører havet på seg / og blir / spegel spegel spegel».
Knut samlar ofte lyset inne på mørkare flater, seier Holbye. Eg gjer noko liknande med ord, på den kvite papirflata, ved å skrelle bort alt som ikkje er naudsynt. Det kortaste diktet er på tre små ord, det er godt for ein sånn liten poetisk skapnad å ha eit bilete å stø seg til. Dikta er mest utan store bokstavar, og linene rimer sjeldan. Dei opnar seg mot lesaren.
Stort sett står dei to uttrykka eit stykkje frå kvarandre og skapar eit spenningsfelt der du sjølv kan spinne tanketråder imellom.
- Til dagleg er eg språkforvirra, seier poeten. Eg vekslar mellom bokmål og dialekt. Men nynorsk er kjærleikspråket, her ligg poesien. Slik sett var valget av målform enkelt.
Fotografen og poeten er naboar på nordsida av Bodø, med utsyn over havet heilt til Lofoten. Men heile verda får plass mellom linene, som når diktaren seier at «vi lever i eit spanderande univers». Flakseturen mellom horisontane fører sjeldan til ein lokal landingsplass...
- Eg unngår dei mest tradisjonelle landskapsmotiva, seier Valberg. - Eg blir tiltrukke av lyset i naturen på den eine sida, og detaljane i livet vårt på den andre. Når eg fangar eit par-tre flasker, ein hammar eller ein sau med linsa, er det meir formar, fargar og stemning eg jaktar på, seier bildemakaren som gjerne fullfører idéane sine med dei tonene han gjev bileta i den digitale framkallinga. Det er fleire bileter av sauar i boka, familiens eigne. - Sauane i fjøsen vår har namn og personlegdomar. På ei bokside gjév to sauar kvarandre ein real klem, medan poeten hentar fram trafikkreglane: «hugs å vise kjærteikn / i god tid / før du kjem til kysset».

Til toppen