Drikkestell for øl i Trøndelag (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2014
Antall sider: 320
Forlag: Museumsforl.
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788283050080
Kategori: Kulturhistorie
Omtale Drikkestell for øl i Trøndelag
Før i tida vart ølet brygga på gardane - svakt øl til tørstedrikk, sterkare øl til høgtid og fest. I heile Trøndelag var øl frå gammalt av sentralt i samkommer og lag, både ved dei årlege høgtidene og ved merkedagane i livet. Til oppbevaring og frakt, og som drikkekar for øl, var tre det mest vanlege materialet. Drikkestellet for øl er prestisjefylte gjenstandar som oftast har dekorative detaljar i både utforming og overflatedekor.

Gjenstandane som blir presenterte i denne boka, er henta frå ei omfattande registrering gjort i Trøndelag i åra 2008-2010. Boka er delt inn i tre hovudkapittel: bryggekar, skjenkekar og drikkekar. Eit eige kapittel er vigd ølbrygginga slik at den kunnskapen òg blir teken vare på. Boka skal vera til inspirasjon blant anna for handverkarar som ønskjer å skapa nye produkt med rot i den gamle kulturen. På same tid er ho ei flott fagbok til nytte og glede for alle som er interessert i øltradisjonane våre.

Til toppen