Eg bur her no (Heftet)

dikt

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 185
Forlag: Samlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788234006272
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Eg bur her no
Ei kvinne i trettiåra treffer ein mann på Tinder og tar steget inn i eit forhold. Mannen er bra på så mange vis, men korleis kan ho vite at ho har funne den rette? Ho har sett kjærleiken døy før, og blir redd. Skal det vere dei to resten av livet? Heldigvis treng dei ikkje flytte saman med ein gong, eller, det vil seie, ikkje før leilegheita hennar flaumar over av vatn, og det gjer ho naturlegvis.

Eg bur her no er ei bok om kjærleik og tvil, om kor vanskeleg det kan vere å ta imot det gode, enda kor mykje ein har ønska seg det.

Punktet
Å stå på dette punktet
og sjå strengar bli kryssa, kveila, falda ut
alt som er og alt som blir og ikkje.
Vi kjem til å gifte oss.
Vi kjem til å gå frå kvarandre.
Vi kjem til å gifte oss
og gå frå kvarandre.
Nett her
nett no
er alt like sannsynleg.


Kari Anne Bye (f. 1983) kjem frå Trondheim. Ho har bakgrunn frå drama og teater og er utdanna historikar frå NTNU. Bye debuterte i 2020 med diktsamlinga "Eg et før eg kjem".

Til toppen

Andre utgaver

Eg bur her no
Nynorsk Ebok 2021
Eg bur her no
Nynorsk Nedlastbar lydbok 2021

Flere bøker av Kari Anne Bye: