Eg lovar alt eg kan komme på no (Innbundet)

dikt

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2016
Forlag: Publica
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282515276
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Eg lovar alt eg kan komme på no
Dikta i samlinga er inspirert av opplevingar og hendingar. Her førekjem fødslar. Her vitjar døden. Langs vegen leikar også vinden.

Far leier sonen sin
som nettopp har lært å gå
nedoverbakke
oppoverbakke
far seier at jorda
ikkje blir flat igjen
langs vegen
leikar vinden i håret
vaskar føtene
kyssar alle tærne

Johannes Eines (f.1948) har vakse opp i Lofoten og bur no i Oslo. Hans første diktsamling Sakte kjem eg der kom ut i 2014. Han er representert i fleire antologiar, bl.a. i diktantologien Ren Poesi på Cappelen Damm i 2015. Eg lovar alt eg kan komme på no er hans andre diktsamling. Forfattaren har utdanning frå Nydalen Kunstskole og har illustrert nokre av dikta sine sjølv.

Til toppen

Flere bøker av Johannes Eines: