Ein dag i mai (Innbundet)

gisselaksjonen i Hjelmeland barnehage

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2009
Antall sider: 175
Forlag: Commentum
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788282330107
Kategori: Politikk og samfunn
Omtale Ein dag i mai
15. mai 2000 gjekk ein væpna mann inn i Hjelmeland Barnehage. Med hagle, kniv og bensinflasker i bagasjen trua han 26 barn og 10 vaksne inn på 0-3 årsavdelinga og heldt dei som gislar der i nærare eit halvt døgn. Helga Hope var avdelingsleiar. I "Ein dag i mai" fortel ho historia slik ho opplevde den. Utgangspunktet er dei ytre hendingane. Fortsetjinga er kva drama som utspant seg i sinnet hennar i åra etter gisselaksjonen, då alle etterforskarane og krisepsykologane hadde pakka saman verktøya sine og flytta merksemda si mot andre saker. Helga vart ikkje fri den augneblinken gisseltakaren overgav seg og døra vart sett open for alle til å vandra ut. Det skulle gå mange år før ho kom ut i frihet og forsoning med at livet hennar ikkje vart slik ho ønskte. Mange år før ho aksepterte tapet av alt ho vart fråstolen av gisseltakaren og sleppte taket i "gjeldskravet" mot han. Gjennom forteljinga tek Helga oss med heilt inn på nakne sjela, og me får følgja henne på nært hald gjennom ei ni år lang vandring i det indre landskapet hennar.

Til toppen