Ein lovsong til trassen (Innbundet)

novellene til Laila Stien

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 159
Forlag: Orkana akademisk
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788281045354
Kategori: Språk
Omtale Ein lovsong til trassen
Ein lovsong til trassen gjev eit bilete av novelleforfattaren Laila Stien som både viser noko av det karakteristiske ved forfattarskapen og noko av breidda og mangfaldet. Medan aviskritikken har peika ut Stien som ein kvardagsskildrar, blir det her lagt vekt på at novellene viser fram karakterar i situasjonar som slett ikkje er kvardagslege. Stien skildrar snarare menneske i krisesituasjonar og i overgangssituasjonar der kvardagen krakelerer og bryt saman. Karakterane er kasta ut i spenninga mellom det dei må handtere, og det dei faktisk forstår og kan handtere. Avstanden mellom krava frå omgjevnadene, ja sjølve eksistensen, og det som er mogleg for karakterane å hanskast med, er stor. Den einaste utvegen som då står igjen for mange av dei, er protesten, resignasjonen, flukta eller trassen.

Til toppen

Flere bøker av Hallvard André Kjelen: