Ein tingas lydhøyre mann (Heftet)

Arvid Torgeir Lie

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 225
Forlag: Scandinavian Academic Press
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788230403372
Kategori: Språk
Omtale Ein tingas lydhøyre mann
Arvid Torgeir Lie (1938-2020) er blant dei fremste norske lyrikarane i etterkrigstida - original, nyskapande, overraskande og høgt verdsett av forfattarkollegaer.

Med bakgrunn i gruvesamfunnet Åmdals verk i Tokke kommune skreiv han dikt inspirert av haiku-tradisjonen, arbeidardikt, landskapsdikt og også meir sivilisasjonskritiske dikt om medieutviklinga. Tekstane speglar seg i oppvekstmiljøet, med ei sterk fellesskapskjensle, men han går også i dialog med tradisjonen og søkjer mot eit genuint uformelt, munnleg og avvæpnande poetisk uttrykk.

I denne boka trekkjer Sveinung Nordstoga nokre linjer gjennom heile forfattarskapen, som i tillegg til elleve diktsamlingar også inneheld gjendiktningar, ei novellesamling og eit upublisert skodespel.

Til toppen

Flere bøker av Sveinung Nordstoga: