Klientsamtalar innan velferdsstaten (Heftet)

ei kvardagsleg sak

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2004
Antall sider: 197
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788276748772
Kategori: Sosialt arbeid
Omtale Klientsamtalar innan velferdsstaten
Kommunikasjon dreier seg om å skape ei felles oppfatning av ein situasjon ved at samtalepartane har ein reell tovegs kommunikasjon. Det sentrale temaet i boka er: Kva skjer i samtalen, og korleis kan den profesjonelle og klienten saman betre kvaliteten på samarbeidet, rådgivinga, regelforvaltinga eller utforskinga av ein klientsituasjon? I boka blir konkrete møte analyserte, der den profesjonelle medverkar til at klientar kjem seg ut av mishandlingsforhold, taklar alkoholproblem eller får hjelp til å betre sin økonomiske situasjon. Ut frå studiar av samtalar mellom klientar og sosionomar på sosialkontor er det identifisert fire samtaleorienteringar. Målet med denne boka er å bidra til sjølvrefleksjon hos den profesjonelle ved å bevisstgjere om kva krav ein kan stille, og korleis. Boka rettar seg mot studentar og praktikarar som er opptekne av den institusjonelle samtalen. Særleg kjem tilsette ved sosial-, trygde- og arbeidskontor til å få nytte av boka. Siv Oltedal er førsteamanuensis og studieansvarleg for masterutdanning i sosialt arbeid ved Høgskolen i Bodø.

Til toppen

Flere bøker av Siv Oltedal: