Hovudfagsstudiet i pedagogikk ved NTNU (Heftet)

ei historisk-empirisk undersøking av korleis studentane vurderte innhald og nytte av den høgare pedagogikkutdanninga 1969-2008

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2010
Antall sider: 346
Forlag: Tapir akademisk forlag
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788251926751
Kategori: Pedagogikk
Omtale Hovudfagsstudiet i pedagogikk ved NTNU
Kva synest eigentleg studentane om studietilbodet ved universiteta og høgskulane? Vi høyrer mykje om skulereformer og læreplanar, men det er sjeldan ein får eit godt bilete av korleis studentane har opplevd studietida, og kva nytte dei har hatt av studiane sine. I denne boka har Nils Søvik undersøkt kva hovudfagsstudentane i pedagogikk ved NTNU tykkjer om studia sine. Vi får lese studentane sine vurderingar av undervisning, studieplanar, administrasjon, med meir. Dei fortel òg kva for stillingar dei har hatt etter endt studium, og kva verdi studiet har hatt for yrket deira. Slik kunnskap er instruktiv for vidare utvikling av studietilbodet. Nils Søvik (f. 1928 i Os) vart utdanna som lærar og tok sidan doktorgraden i pedagogikk. Han var lærar i grunnskulen og lærarskulen før han vart tilsett som høgskulelektor og seinare professor i pedagogikk ved Noregs Lærarhøgskule/NTNU. Søvik har skrive ei rad avhandlingar og lærebøker. I den førre boka, Pedagogisk institutt NTNU 1946-1996, gjorde han greie for utviklinga av pedagogikkfaget ved NTNU (Tapir Akademisk Forlag, 2008).

Til toppen