Vegar i vegløysa? (Heftet)

ungdom, identitet og livssynsdanning i det postmoderne

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2011
Antall sider: 183
Forlag: Tapir akademisk forlag
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788251927413
Kategori: Religion, historie og filosofi
Omtale Vegar i vegløysa?
Vestleg samtidskultur lèt seg framleis prega av postmoderne drag. Det gjeld ikkje minst den kultursfæren som unge menneske tek del i. Det er i ulike utgåver av ungdomskulturen at både religionen og vitskapen sine "store forteljingar" har tapt aller mest av den tradisjonelle autoriteten sin. Og det er nett i denne kultursfæren dei mange små forteljingane, i form av mediafokuserte og kommersialiserte trendar og tendensar, har funne den beste tumleplassen for døgnflugeliva sine.
Ein ungdomskultur prega av postmoderne vilkår for kommunikasjon og livssynsdanning er ei krevjande utfordring for ei kyrkje som knyter identiteten sin til ein totusenårig tradisjon. For bodskapen hennar er knapt forståeleg i det heile utan i lys av den store forteljinga han spring ut av. For å kunna møta utfordringane på den arenaen som den samtidige ungdomskulturen representerer, treng kyrkja difor nye omgangar av teologisk og kulturanalytisk refleksjon. Det er slike refleksjonar forfattarane av denne boka ønskjer å bidra til når dei tek opp tema som ungdomsteologi, kontekstualisering, teksttolking, livssynsdanning, populærkultur og "virtual reality".

Til toppen