Fjell- og bergverksfaget (Heftet)

yrkesfagleg fordjuping

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2012
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788280211064
Omtale Fjell- og bergverksfaget
Dette er eitt av fem hefte tilpassa yrkesfagleg fordjuping (YFF) innanfor programområdet anleggsteknikk. Heftene kan nyttas innanfor YFF på Vg1 og Vg2. Dei vil og vera til nytte for lærlingar ved opplæring i bedrift og til støtte ved tverrfagleg eksamen.

I følgje læreplanen er formålet med YFF å gi elevane moglegheit til å prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag. Slik kan dei få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som er typiske for dei ulike yrkene og fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanane på Vg3-nivå.

Dette heftet handlar om Fjell- og bergverksarbeidaren og dei kompetansemåla på Vg3 som må vera utgangspunkt for YFF-arbeid i skolen. Her vil du finna oversikt over kva bedrifter ein fjell- og bergverksarbeidar kan arbeide i. Boka syner også kva for arbeidsoppgåver og utstyr som naturleg høyrer med.

Fjellarbeid og bergverk har lange tradisjonar i Noreg. Vi har hatt gruver for utvinning av jernmalm, koppar og sylv i mange hundre år, heilt sidan mellomalderen. Gruvedrifta var viktig for utviklinga av landet vårt. Den la grunnlaget for dei store jernverkene i Noreg på 1600-, 1700- og 1800-talet - den første storindustrien i landet vårt - og gav arbeid til tusenvis fram til i dag.
I nyare tid har bygginga av ein moderne infrastruktur blitt høgt prioritert. Utbygginga av vegnettet, jernbanespora og kraftstasjonane, men og flyplassar, kaianlegg, industriområda og byggefelt krev mykje fjellarbeid. Det krev kvalifiserte fagarbeidarar for å verkeleggjera dette. Vil du bli ein av dei?

Forutan Fjell- og bergverksfag inneheld serien: Anleggsmaskinførarfaget
Asfalfaget
Banemontørfaget
Veg- og anleggsfaget

Til toppen