Forstå, forklare, forandre (Heftet)

om design av samfunnsvitenskaplege forskningsprosjekt

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 238
Forlag: Universitetsforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788215050928
Kategori: Økonomi og ledelse og Samfunnsfag
Omtale Forstå, forklare, forandre
Ein klar og målretta design er nøkkelen til å gjennomføre eit vellykka forskingsprosjekt. Samanlikna med den store mengda litteratur om forskingsmetode er forskingsdesign likevel stemoderleg handsama.

Forskingsdesign handlar om planen eller framgangsmåten for å gjennomføre eit forskingsprosjekt, stort eller lite. Det som kjenneteiknar ein bestemt forskingsdesign, er kombinasjonen av kunnskapsmål og strategiar for å produsere data.

I denne boka presenter forfattaren både kva som kjenneteiknar ulike forskingsdesign, og prosessen med å utforme ein forskingsdesign steg for steg. 2. utgåve er gjennomgåande oppdatert og betra, og det har komme til eit heilt nytt kapittel om integrerte design, det vil seie design som tek sikte på å utnytte både kvalitative og kvantitative data i eit samspel.

Boka kan lesast på fleire nivå. Ho vender seg til nybyrjarar som tek fatt på sitt første forskingsprosjekt, så vel som til meir erfarne forskarar.

Til toppen

Andre utgaver

Forstå, forklare, forandre
Nynorsk Ebok 2021

Flere bøker av Oddbjørn Bukve: