Framom døden (Innbundet)

Serie: Skalds klassikarar 

Forfatter:

Sivert N. Nesbø (Oversetter)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2021
Antall sider: 257
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
Originaltittel: As I lay dying
Oversatt av: Nesbø, Sivert N.
Serie:
ISBN/EAN: 9788279593331
Kategori: Romaner
Omtale Framom døden
"Framom døden" skildrar ei dødsreise. Vi møter familien Bundren medan mor Addie ligg for døden, og følgjer dei gjennom eld og vatn på den lange ferda for å jordfeste liket. Først etter ti pinefulle dagar får dei endeleg lagt henne til kvile. I møte med bibelske prøvingar trer personane fram med alle sine lyter og egosentriske motiv.

Forteljinga ovrar seg gjennom eit vell av ulike stemmer, og vi kjem tett på det grunnleggjande menneskelege. Faulkner plukkar frå kvarandre den tilsynelatande velordna verda i dei nordamerikanske sørstatane og syner fram uhyggelege skuggesider.

Faulkner skreiv romanen i løpet av nokre få veker i byrjinga av 1930-åra. Då var forfattaren inne i ein svært skapande periode, der han med hell freista nye stilleie og nye vegar innan modernismen. Bøkene er prega av medvitsstraum hos karakterane (stream of consciousness), skiftande perspektiv og sterk stilistisk eksperimenteringsvilje.

"Framom døden" er blant dei best kjende verka til Faulkner og er eitt av dei viktigaste verka i det tjuande hundreåret.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Til toppen

Andre utgaver

Dødens dager
Bokmål Innbundet 1992
Bøker i serien