Dikta i denne samlinga er forankra i ei verd som dei fleste vil kjenne igjen. Vi ser ein gard omgitt av husdyr og gardbrukarar. Men diktas uttrykk for einsemd og lengt kan også vere fabulerande. Til dømes legg bondesonen kjøtslintrer i jorda i håp om at dei vil vekse fram til det tittelen skildrar: Garden under jorda. Han ønsker å bli forstått, å bli sett, å skape og forme eit liv. Utdrag frå samlinga: [...] det var berre meg og far igjen på garden og eg tenkte på den siste haustdagen som glei over frå det lysaste milde til den mørkaste kulden
frå kjøtet var frakta inn i huset til veden var kløyvd skifta årstida med eit øksehogg