Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar (Innbundet)

Forfatter:

Per Ragnar Møkleby (Illustratør)

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 32
Illustratør: Møkleby, Per Ragnar
Forlag: Skald
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788279593423
Kategori: Pekebøker
Alder: 3 - 6
Omtale Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar
Vi svever og flaksar
vi trallar og skvatrar

vi bur mellom greiner
og lågt under steinar

på bøen, ved sjøen
i våtmark og bypark

vi er små fine fly
mellom landjord og sky

«Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar» er ein fantasifull og leiken inngangsport til den nære og tilgjengelege norske fuglefaunaen for barn. Lisbeth Dreyer har tatt utgangspunkt i heilt vanlege fuglar som lever heilt vanlege fugleliv, men diktar fram morosame situasjonar på rim.

Boka formidlar stoffet på ein måte som både utfordrar, engasjerer og inspirerer barna til å legge merke til det yrande fuglelivet dei har rett utanfor døra si, på veg til barnehage og skule.

Per Ragnar Møkleby gjer fuglane personlegdom, men alltid fundert i korleis dei faktisk ser ut og lever i naturen - for at barn skal kunne lære om og kjenne att fuglane i boka.

Til toppen