Gudsord og menneskeord (Heftet)

innføring i bibelkunnskap

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 1999
Antall sider: 342
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788276743562
Kategori: Religion, historie og filosofi
Omtale Gudsord og menneskeord
Gudsord og menneskeord er først og fremst laga for bibelstudiet i den nye allmennlærarutdanninga. Mykje av stoffet vil også vere aktuelt for visse folkehøgskolekurs, i førskulelærerutdanninga, i vidareutdanning av lærarar og for andre interesserte som ønskjer ei elementær innføring i historiske og litterære sider ved Bibelen. Boka presenterer bakgrunnskunnskap og innhaldsmoment frå begge testamenta og frå dei apokryfe skriftene. Lærerplanen for KRL-faget i grunnskulen, og dermed også den nye rammeplanen for lærarutdanninga, framhevar tverrfaglege aspekt m.a. i høve til estetiske uttrykk og den påverknadskrafta Bibelen har hatt i kulturen. Ei utførlegare tematisering av desse aspekta høyrer inn under "Kristendommens historie", men denne bibelkunnskapsboka gjev somme smakebitar. I rammer i teksta finn lesaren dikt, salmevers og andre sitat hovudsakeleg frå skandinavisk litteratur som meir eller mindre tydeleg relaterer seg til bibeltekstene eller temaet som vert gjennomgått i det aktuelle avsnittet. I tillegg til kart, figurar og fotografi, er kvart av dei ni kapitla også utstyrte med ei ny teikning av Rita Backer Hjorthaug. Som "bruer" frå sjølve fagstoffet til den norske skulekvardagen har boka også ein del didaktiske avsnitt. Desse knyter trådar til læreplanen, og gjev stundom konkrete tips til arbeidet med Bibelen i grunnskolen. Per Halse er cand.theol. og høgskulelektor og har undervist i lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda sidan 1991.

Til toppen

Flere bøker av Per Halse: