Han ser eg er naken (Innbundet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 136
Forlag: Vigmostad Bjørke
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241904271
Kategori: Romaner
Omtale Han ser eg er naken
Reni Yassau har ein grufull løyndom liggjande i kjellaren. Kjem dette ut, er han ein ferdig mann. 50 år gamal, ein akta organist på den vesle staden der han bur, ein folk helsar på med vørdnad når dei møter han etter vegen. Korleis kunne det eigentleg gå til at han rota seg så fullstendig opp i noko han ikkje ser veg ut av? Han veit så vel - han må finne ei løysing. For kvar dag som går, skrur tida seg til, og alvoret aukar. Han er langt frå nokon drapsmann, tvert om - det einaste han ønskjer, er å sjå venleik. Ein roman som fortel noko om mørkesidene me ber i oss. Skamkjenslene me vik attende for å verta konfronterte med. Eigil Steinsfjord er filolog og lektor ved Valdres vidaregåande skule sidan 1975. Han har skrive ei rekkje skodespel, og dette er hans tredje skjønnlitterære bok.

Til toppen