Handbok for førstegongsforskaren (Heftet)

den gode empiriske oppgåva i sosialt arbeid

Forfatter:

, , og

Forfatter: , , og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2022
Antall sider: 261
Forlag: Fagbokforlaget
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788245040999
Kategori: Samfunnsfag
Omtale Handbok for førstegongsforskaren
Denne boka er ei hjelp for studentar som skal skrive oppgåve basert på empiri. Målet er at mindre krefter blir brukt på å finne forma til oppgåva, slik at meir krefter kan brukast på innhaldet.
Boka er i hovudsak retta mot bacheloroppgåva i sosialt arbeid. Den er likevel nyttig både for masterstudentar og studentar som skriv innanfor andre fagområde.
Empiriske oppgåver skal skape ny kunnskap. Det er klare krav til korleis slik kunnskap vert skapt. Forfattarane viser korleis dette kan gjerast. Dette gjeld både metodiske val og måten ein skriv på. Spørsmål som boka gir svar på, er blant anna: Kva er viktig når ein skriv akademisk? Kva metode skal veljast? Korleis analysere data? Korleis skrive dei ulike kapitla? Alle forfattarane rettleier, underviser og har emneansvar for skrive- og metodekurs på ulike emne og nivå. Roar Stokken er professor, Ellen Andenes er høgskulelektor og Finn Ove Båtevik er professor ved Institutt for sosialfag. Bjarte Folkestad er professor ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, alle ved Høgskulen i Volda.
Videoressurser for boken

Til toppen

Andre utgaver