Forfatter: | Alejandra Pizarnik |
Innbinding: | Heftet |
Utgivelsesår: | 2004 |
Antall sider: | 91 |
Forlag: | Cappelen Damm |
Språk: | Nynorsk |
Serie: | Stemmens kontinent |
ISBN/EAN: | 9788202241414 |
Kategori: | Noveller, lyrikk og drama |
Forfatter: | Alejandra Pizarnik |
Innbinding: | Heftet |
Utgivelsesår: | 2004 |
Antall sider: | 91 |
Forlag: | Cappelen Damm |
Språk: | Nynorsk |
Serie: | Stemmens kontinent |
ISBN/EAN: | 9788202241414 |
Kategori: | Noveller, lyrikk og drama |
Alejandra Pizarnik (1936-72) vart fødd i Buenos Aires av russisk-jødiske foreldre som hadde flykta dit to år tidlegare. Ho kjende seg som ein framand i livet, eit menneske dømt til å skape, til å setje ord på det som ikkje har namn. Ho er sanseleg, skremmande, kompromisslaus, litterært kjettarsk, formsterk og visuell, og med eit sterkt begjær etter stillheit: Forfattarskapen med barndomen og døden som tematiske kraftlinjer, står i spenn mellom det heftige og det heilt stille.
Ho er rekna som ei av dei viktigaste lyrikarane i Argentina, og er forbilde og inspirator for fleire generasjonar kunstnarar i den spanskspråklege verda.
"Lidenskapeleg søvnløyse og dagklart skjerpa blikk", skreiv den meksikanske nobelprisvinnaren Octavio Paz om dikta hennar.