I ulveskinnspels (Innbundet)

legens historie i tre slektsledd

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 224
Forlag: Vigmostad Bjørke
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788241904301
Kategori: Biografier og memoarer
Omtale I ulveskinnspels
I ulveskinnspels er ei uvanleg og dramatisk familiesoge frå ei slekt med legar i fem generasjonar. Boka fortel korleis legepraksis arta seg i eldre tider, ikkje berre for legen, men òg for heile familien. Soga spenner over tidsrommet 1838 til 1985, då dei tre første generasjonane vaks opp og arbeidde. Den første Lærum stupte i praksis då han var 56 år. Begge dei to påfølgande generasjonane praktiserte som legar til dei vart stogga av sjukdom, nærare 80 år gamle. Og konene deira arbeidde like aktivt i familieverksemda som dei sjølv. Gjennom desse tre livssogene får vi eit innblikk i kor strevsamt det kunne vera å praktisera som lege på landet i eldre tider, og alt dei opplevde: Fjellklatring i snøstorm om natta, operasjonar på kjøkenbordet, kamp mot tuberkulosen, krigstider og framvoksteren av velferdsstaten. Boka vrimlar av morosame soger og spennande lokalhistorisk stoff frå bygdemiljøet. Forfattaren Ole Didrik Lærum er professor i patologi i Bergen, og representerer saman med to brør den fjerde legegenerasjonen. I denne boka har han samla eit stort tilfang historisk stoff som supplerer eigne barndomsminne.

Til toppen