Lurken og det forsvunne skipet av Vegar Heimsæter og Marion Tufteland (Nedlastbar lydbok)

Lurken og det forsvunne skipet (Nedlastbar lydbok)

Serie: Lurken 1

Forfatter:

og

Ingen angrerett. Nedlastbare lydbøker kan lastes ned fra Min side under Digitale produkter.

Forfatter: og
Innbinding: Nedlastbar lydbok
Utgivelsesår: 2026
Innleser: Pavelich, Simon Standal
Spilletid: 0:29
Kopibeskyttelse: Vannmerket
Filformat: MP3
Forlag: Cappelen Damm
Språk: Nynorsk
Serie: Lurken
Serienummer: 1
ISBN/EAN: 9788202929749
Kategori: Lydbøker og Lydbøker barn og ungdom
Alder: 6 - 9
Omtale Lurken og det forsvunne skipet

Visste du at det største vikingskipet i Noreg vart bygd på Nordfjordeid? No skal du få høyre ei historie som er litt sann, og litt eventyr. Ho handlar om Audbjørn på 10 år som er for liten til å få vere med på vaksenfest, eit tjuveri som skjer midt på natta og om ein sjøorm som bur i fjorden.

Audbjørn bur i den vesle vikingbygda Eid, der dei vaksne akkurat er ferdige med å bygge det største vikingskipet nokon sinne. Bragden skal feirast, men Audbjørn får ikkje vere med. Han er for liten, seier vikingane. Audbjørn blir lei seg og stormar ned til fjorden. For å få ut sinnet, kastar han ein flat stein utover vatnet. Steinen vekkjer noko som bur djupt nede i fjorden, nemleg sjøormen Lurken! Neste morgon vaknar bygda til eit sjokk: Det store vikingskipet er borte! Nokon har stole det, vert det sagt. Vikingane på Eid vil svare på tjuveriet med å gå til kamp. Ein brutal krig trugar heile regionen. Dei vaksne er sinte og mange er redde. Men Audbjørn og Lurken har ein heilt eigen plan. Dei vil rydde opp på sin måte. Gjer deg klar til ei mystisk, spennande og fartsfylt lyttestund!

Til toppen

Bøker i serien