Fra forordet:
Da vennene hans tok mopedlappen i valgfag på skolen, valgte Birger håndarbeid. Han heklet en duk.
I ettertid er eg veldig stolt av at eg gjorde det valet, for eg kan godt hugse kor nervøs eg var for å gjere det, og kor mykje pes eg fekk for det av mange rundt meg. Grunnlaget for skaparglede og teknikk blei slik lagt på eit tidleg tidspunkt. Særleg utover vidaregåande og på universitetet vart det å skape med henda viktigare, særleg fordi mykje av det eg har gjort under studium og i seinare jobb har vore teoretisk og databasert. Forutan at ein kan skape vakre, varme og praktiske klede, er det aller beste for meg med strikking den taktile skjønnheita i å kunne skape noko med henda. Skapinga mi opplevast som å vere ein del av ein tradisjon, både med tanke på den strikkekulturen vi er ein del av i Noreg, men også min eigen tradisjon i det at eg alltid har likt å skape uansett om det er på papir, i stoff eller med garn. Forutan at instakontoen min viser kva eg likar reint estetisk innanfor strikking, vonar eg også at mange har blitt litt kjent med meg gjennom den. Boka som du no held mellom hendene dine kjennest iallfall særs personleg. Eg har arbeid med den lenge, og alle mønstra kjennest som ein del av meg. Eg kan berre vona at du som ser i boka likar oppskriftene, og får lyst til å strikke nokon av dei. Det kjekkaste med å lage eigne mønster er å sjå andre strikke dei, og gi dei liv på sin måte.
Bergen, april 2019
Birger Berge
Birger Berge er utdannet historiker og arbeider på Holbergprisen, UiB. Han er opptatt av tradisjonelt håndarbeid og bruker mye tid på å utvikle strikkemønstre som viser den rike tradisjonen vi har.
Han har en stor fanskare på Instagram, der han deler flotte bilder av de fine prosjektene sine.
Til toppen