Noreg (Heftet)

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2008
Antall sider: 188
Forlag: Aschehoug
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788203193224
Kategori: Reise
Omtale Noreg
Vinteren og våren 2007 reiste historikaren Nils Rune Langeland Noreg rundt i jakt etter folkesjela i det nye, velståande og moderne Noreg. For det er berre i fantasien at vi framleis er nøysame slitarar på karrige småbruk, fiskarar i opne båtar langs kysten og industriarbeidarar i tusental på gølvet. Men kven er vi i dag? Dette er ei reiseskildring forma som ei rekkje små forteljingar frå Kristiansand i syd til Hammerfest i nord, frå Austevoll i vest til Koppang i aust. Men det er meir enn ei reise i geografien. 17. mai-feiringa i Oslo, Stortinget, Litteraturfestivalen på Lillehammer og Arbeidarpartiets Landsmøte er også med. Kjente personar som Marit Arnstad, men også heilt ukjente menneske utan offentlege posisjonar kjem til orde som personlege møte i desse reiseskildringane. Dette er noko så vilt som å fange magien i den trauste norske kvardagen vi er så vande med. Fortida blir vevd inn i notida. Det fantastiske viser seg der ein minst ventar det. For å bryte gjennom den polerte framsida av det norske samfunnet er det brukt ei rekkje ulike sjangergrep i grenselandet mellom sakprosa og diktekunst. På denne måten er det gjort ein freistnad på å finne ut kva som står på spel i det norske samfunnet. Det som ikkje blir sagt rett fram.

Til toppen