Resten av kvelden (Innbundet)

dikt

Forfatter:

Forfatter:
Innbinding: Innbundet
Utgivelsesår: 2023
Antall sider: 319
Forlag: Metope
Språk: Nynorsk
ISBN/EAN: 9788269197518
Kategori: Noveller, lyrikk og drama
Omtale Resten av kvelden
Ute nå! Innbundet m/ leseband. 320 sider.

«Evna til å skrive så mykje som muleg på minst muleg plass er eit klassisk kjennemerke for kvalitet, uansett skriftform. I fleire av bøkene sine har poeten Øystein Hauge demonstrert meisterskapen sin i akkurat dette». Det er Tiden Norsk Forlag som skriv. Året er 2010. Og forlaget har nettopp gitt ut samlinga "Stilleben".

Redaktørteksten over kunne like gjerne ha vore nytta som vaskesetel til årets lune og nære samling "Resten av kvelden". Å skrive så mykje som mulig. På minst mulig plass.

Gjennom godt over trehundre tekstsider syner forfattaren i denne samlinga fram for for deg det eine litterære lysbiletet etter det andre. Originale og slitesterke, poetiske fotografi, slik vi kjenner dei att frå tidlegare bøker.

Over snart tre tiår har poesien til Hauge vore å finne ikkje berre i boksidene, men også ei rekke stadar i det offentlege rommet. Slik vil du heilt sikkert ha lese ein eller fleire av tekstane hans; Bak på bussar og i trikken. På t-skjorter og i lydinstallasjonar. Som mobilpoesi i samarbeid med Dagbladet. På ferjer, i hotellrom og på Instagram. I dagsturhytter og i skulpturar. På postkort og i lærebøker i skulen. Eit lite utval av desse tekstane har også fått plass i "Resten av kvelden".

"Filmatisk og fargerik poesi" var avistittelen då VG meldte samlinga "Fotografi av to som dansar". Men der boka frå 2005 var beskjeden i omfang, er "Resten av kvelden" blitt ein aldri så liten murstein av ei poesibok. Likevel. Ei diktbok der samtlige tekstar står fram for lesaren i ei minimalistisk, mild og lågmælt form.

(etterord v/ førsteamanuensis Oddbjørn Johannessen, Universitetet i Agder)

Til toppen

Flere bøker av Øystein Hauge: