Spesialpedagogisk utsyn - læring og oppvekst (Heftet)

Artiklar i utval og med introduksjon av Reidun Tangen

Forfatter:

og

Forfatter: og
Innbinding: Heftet
Utgivelsesår: 2006
Antall sider: 258
Forlag: Cappelen Damm Akademisk
Språk: Bokmål / Nynorsk
ISBN/EAN: 9788202256678
Kategori: Pedagogikk
Nivå: Akademisk
Omtale Spesialpedagogisk utsyn - læring og oppvekst

Kva er utfordringane i spesialpedagogikken i dag? Kva kjenneteiknar utviklinga i faget? Denne boka lyftar fram slike spørsmål og rettar søkjelys mot barns oppvekstvilkår generelt og vilkåra deira i norsk skole spesielt, med særleg vekt på situasjonen for vanskelegstilte barn og unge.

Boka vil vere nyttig for studentar i lærarutdanninga og i grunnutdanninga i utdanningsvitskap og spesialpedagogikk, og dessutan for lærarar, spesialpedagogar og andre med ansvar for barn som møter vanskar i oppvekst, læring og skole.

Edvard Befring er professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Sidan midten av 1970-åra har han vore ein av dei mest sentrale aktørane i norsk spesialpedagogikk, med eit stort nordisk og internasjonalt fagleg nettverk. Frå 1975 til 1987 var han rektor ved den tidlegare Statens spesiallærarhøgskole. Her stod han i spissen for etableringa av embetseksamen og doktorgraden i spesialpedagogikk. Han har vore leiar for fleire større nasjonale utgreiingar innanfor oppvekst- og barnevernssektoren, og han er ein etterspurd foredragshaldar og ein aktiv deltakar i debatten om skole og oppvekstvilkår.

Til toppen